Trykk i sanntid: KARBONFANGST

12.05.22

Trykk i sanntid 02: KARBONFANGST

Torsdag 12 mai har vi gleda av å opne utstillinga TRYKK I SANNTID 02: KARBONFANGST ved Mottaket i Ålesund.

Opningstider:

Fredag 13. mai kl 12.00-18.00
Laurdag 14. mai kl 12.00-15.00
Sundag 15. mai kl 12.00-15.00

Utstillinga er eit samarbeid mellom grafikkverkstadane Kunstkvarteret trykk i Lofoten, Foreningen Trykkeriet i Bergen, Tou Trykk i Stavanger, Aggregat i Ålesund, Snefjord atelier og dei fire kunstnarane Hilde Rosenberg Bamarni, Randi Morstøl Emblem, Åse Anda, Kjetil Berge og poeten Jon Ståle Ritland

I 2019 tok Kjellaug Hatlen Lunde -som har bygga opp Kunstkvarteter trykk, initiativ til det femårige prosjektet Trykk i sanntid. Ynskje var å skape kontakt mellom trykkeverkstadar og kunstnarar langs kysten, frå Stavanger i sør til Snefjord i nord.

I fjor på årets lysaste dag, kom 17 kunstnarar saman i Stavanger, Bergen, Ålesund, Lofoten og Snefjord. Tema var karbonfangst og målet var å skape ei portefjøljeboks. Portefølja i lag med boka KARBONAVTRYKK frå 2020 er basen for denne utstillinga der og fem av kunstnarane er invitert til å skape nye verk for Mottaket.

Karbonfangst er eit omgrep med sentral plass i miljø- og klimadebatten. Sjølve stoffet – grunnstoffet karbon, C, er dessutan ein grunnfaktor i biletkunsten si materielle historie, som sverte maling og blyant. Dess mer kunstnargruppa arbeidde oss inn i tema, dess klårare sto det for oss at karbon er byggjesteinen i det meste av livet på jorda: frå fotosyntesen, -som omdanner Co2 til oksygen så vi får puste, til maten vi et for å leve. Karbon i rein form kan være både kull/sot, grafitt og diamant.

Det er berre få veker sidan FNs klimapanel presenterte siste del av sin sjette rapport, der verda si konkrete handsaming av karbon er tema. Som andre samfunnsgrupper er og kunstnarane uroa over klimautviklinga. Vi kan ikkje gje tekniske eller politiske løysingar til dette feltet, men vonar at våre kunstverk kan bringe poetisks refleksjon rundt dette eksistenielle tema.

Utstillinga har eit mangfald av uttrykk i dei mange trykke i tillegg til installasjon, objekt, fotografi og tekst.

OM TRYKK I SANNTID

Årlege utgåver av kunstnarbøker/portfoliar er ein viktig del av det 5-årige prosjektet «Trykk i sann-tid» initiert av Kunstkvarteret trykk (KK-trykk) i 2019. Den fyrste publikasjonen var KARBONAVTRYKK ferdig i september 2020. Den andre er KARBONFANGST ferdig i mars 2022 og den tredje vert ein bokrull, KARBONLAGRING, med start i juni 2022.

TRYKK I SANNTID har fleire liner, og felles for alle er å fokusere på problemstillingar vi finn aktuelle for vårt fagområde i kombinasjon med generelle tendensar i tida. Lite visste vi om korona-utbrotet og at vår arbeidsmetode dermed ville passe svært bra under vilkåra som no betyr færre og kortare arbeidsreiser for dei fleste.

Kvart år vil kunstnarane (deltakarane varierar frå år til år), – på årets lysaste dag, i mindre grupper samla seg for å gjere ei trykke-hending med eit gitt tema. Dokumentasjonen vert samla og lagt ut samstundes –  i sanntid – på:

https://www.trykkisanntid.no/
https://www.facebook.com/kunstkvarteret
https://www.instagram.com/explore/tags/trykkisanntid2020/
https://www.instagram.com/explore/tags/trykkisanntid2021/

fill outline half arrow