Kurt Johannessen Shine

“Shine” er ei bok Kurt Johannessen produserte i 2006. Boka er fylt med ei samling portrett trykt i blank lakk. Sidene verkar tomme, men når ein lar lyset skine på dei, lyser andleta opp. I den nye serien ”Det gjennomskinlege 1-4” er litt av den same tematikken, samstundes som tid er meir tilstade. Dei fire portretta er familefoto/barndom frå 1940 talet, svakt trykt på glas. Ei tid som er borte, men noko er her framleis.

fill outline half arrow