Mari Slaattelid VERA SØYLE. BERA SITT EIGE OMRIT SOM VATN, FALLANDE

I utstillinga er to ulike bilete samanstilte:

Søylefigurar frå golv til tak, og det skarpt definerte omritet av eit kvitt fossefall mot svart fjell.
Dei fem store arbeida er utførte i silketrykk. 6 mindre fossefall er måla på papir.

Bileta eg kallar Søylefigur viser menneskefigurar frå kunsthistoria, den eine ei karyatide, ei søyle i kvinneskapnad frå klassisk tid, rundt 430 f.Kr. Dei andre er unge jenter måla av Munch rundt 1905. Figurane er fotostatkopierte frå bøker, klipte ut og teipa saman til kollasjar. Deretter er dei overførte til silketrykk.

Dei tre jentene frå moderne tid har same frontale, frittståande positur som søylefiguren frå Akropolis. Oppstilte i hennar stad, får dei eit slags oppdrag. Også dei er med eitt klassiske. Med hatt og forkle er dei stødige bjelkeberarar. Dei tilhøyrer kunsthistoria, men er også natur og menneske, derfor er tyngda dei ber gjenkjenneleg.

Dei som ber vekta av ein bjelke på hovudet, viser fram eit kritisk punkt, der krefter møtest. Ein gong skal søyla falla, men ikkje enno. Ei fløymande elv tippar på eit punkt i landskapet over i fritt fall. Der frys ho til sitt eige omrit, ei kvit søyle i fjellet.

Mari Slaattelid (f. 1960) studerte ved Kunstakademiene i Bergen og Oslo, samt ved Staatliche Kunstakademie Düsseldorf. Hennes utstillinger inkluderer soloutstillinger på Bergen Kunsthall, Astrup Fearnley, Nasjonalgalleriet og en rekke solo- og gruppeutstillinger på gallerier og viktige institusjoner over hele Norden. I 2000 vant hun Carnegie Art Award for nordisk samtidskunst. Hun er representert i samlingene til Louisiana Museum of Modern Art (DK), Malmö Konstmuseum (SE), Det danske nasjonalgalleriet (DK), Kiasma nasjonalgalleri (FI), Nasjonalmuseet. KODE kunstmuseer i Bergen, Astrup Fearnley Museum, Stavanger Kunstmuseum, blant annet.

Slaattelid bor og arbeider i Oslo. Hun er representert av STANDARD (OSLO).

 

fill outline half arrow